torsdag 17. november 2011

Eg fann, eg fann!

Leigde inn profesjonell vaskehjelp og husorganisator idag ( aka: søstra mi). Byrja i 14-tida og heldt på enda. Eg kan vel trygt sei at viss ho ikkje hadde komt hadde eg ikkje funnet noko før jul eller nyttår eller nokon sinne. Alle smokker f.eks er no komen til rette. Me jobber framleis så blogging har eg eigentlig ikkje tid til. 

Fann denne julepynten også, med merkelappen på. Vintage, kjøpt i Oslo. Og så fann eg bildet av den. Fekk den av pappen til Fiola ein gong for veldig lenge sidan. I ei heilt anna tid. Den skal endelig henga på eit juletre i år.

mandag 14. november 2011

Ny

Som ein del veit hadde eg ein blogg før. Den handla mykje om dating, eventyr og foto i ei vimsete Malene sitt liv. Så vart eg gravid...  (I had it coming :-P)... og bloggen stoppa opp. Så kom nydelige Fiola inn i livet mitt og forandra det. Det var godt og vondt. Det vart vakrare og stillere.


No har eg lyst til å utforske bloggformatet igjen.  Sjølv om eg er usikker. Om eg har noko å visa som er interessant for andre. Eg kan ikkje hiva meg på haiketur med barnevogn. Har vært på ei håndfull byturer på 9 måneder. Har nesten ikkje byrja å date igjen. Det finst vel kandidater... men det skal klaffe og så skal ein kjenne seg attråverdig, ikkje dvask og maltraktert husmor. Det er vel ein grunn til at ein helst skal få barn og sånn inni eit forhold så ein slepp å gå på jakt etter mannen i ammetåka. Men dei kjem, så får eg sjå om det blir aktuelt å blogge om det.

Ein blogghit er visst baking. Det blir uaktuelt hjå meg! I hvertfall til eg får meg den der Kitchen Aid maskina i ein fin farge og dansk designkjøkken. Men eg har kjøpt meg duftlys med pepperkakelukt på Ikea. Er blitt mykje meir interessert i hus og heim etter eg fekk barn. Måtte jo skaffe meg ein ordentlig leilighet, så litt interiørblogging blir det nok innimellom.

 
Er framleis interessert i klær og stil. Men må lære meg å gå i høge hæler igjen etter halvanna år i militærboots og huff, joggesko. Skal ta av nokre babykilo til for å finne meg til rette i gullbuksene og ellers finne inspirasjonen. Fann litt etter å ha funnet den der raude pelshatten i London nyleg.


Reiser og eventyr er framleis viktig. Og når anlednigen byr seg og me finn på noko moro kan me kanskje blogge om det også! Med andre ord handler den om akkurat det. Om det me finn og det me finn på. Fiolas findings og mine.