onsdag 11. januar 2012

Belle & Boo


Den oransje vårputen til Fiola. Raud vinterversjon kjøpt på salget. Så no har ho to, men treng ein sofa. Mamma har nok puter. Elsker puter. Kjøper puter i alle land ho reiser.

fredag 6. januar 2012

Eg.... eh Fiola ønska seg veldig ein fin, "antik" globus
 Fantastisk kjelke ( med raudt stålsete til) og lære å gå-vogn. Fiola har vært snill og heldig!


Godt nyttår, folkens! Sjølv om me er drittlei jul, så kjem eit par julebilete til. Kun fordi dette er eit slags album for Fiola. Bileta er forresten kun ein rekonstruksjon av julafta. Fordi kamera mitt gjekk tomt for batteri akkurat under middagen og ingen ladar. Urutinert! Eit nyttårsforsett er å lage ordentlig album. Og eg har ei heil liste med andre nyttårslovnader. Men januar er ikkje den ideelle tida til å ta fatt, derfor tar me oss ein tur om drøyt ei veka for å samla energi...


hit.     
Bilete frå google...


Håper dette året byr på fleire reiser, gode løysingar på mange utfordringar og kjærleik. For meg og deg!